«Skriveheksa ser svart» er ei fireminutts digital forteljing som viser ein todelt skriveprosess med eit trylleskjær over seg. Det er ein protest mot oppfatninga somme har av seg sjølv som ikkje-kreative. I denne forteljinga frå røyndommen er det ei kvinne som blir dytta ut i skriving og opplever at ho, før ho veit ordet av det, har skrivi si fyrste novelle, ei mininovelle, med utgangspunkt i noko ho nettopp har opplevd. Det opplevde glir over i fiksjon.
Den andre delen av forteljinga viser mottakinga av novella. Mottakinga er samtidig ei formeiring av novella: Ein ny versjon med ein heilt anna slutt og ei heilt anna holdning oppstår spontant i full fart. I skriveprosessen er det ei «skriveheks» som dyttar; ho er ein skrivemisjonær eller ei skrivejordmor. Den eine skrivande får dessutan ei anna ei til å skrive. Forteljinga viser også at skriving kan vera ein måte å vera saman på, i dette tilfellet på tvers av generasjonar.
Denne skriveprosessen kan du elles lesa om i Tordis Irene Fosse: Skrivelysten? Råd og hjelp og rare ting å prøve (Cappelen Damm 2013) i kapitlet «Tvitring og anna smått».
*

Om forfatteren:
Tordis Irene Fosse er tidlegare førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Oslo og Akershus og er knytt til Kompetansesenteret for seniorar ved OsloMet, har eksamen frå Institutt for drømmearbeid ved Strephon Kaplan-Williams og er uteksaminert kunstterapeut frå Institut for kunstterapi ved Vibeke Skov. Ho er medforfattar av lærebøker og har skrivi faglitterære artiklar og har særleg interessert seg for skriving i pedagogisk og kreativ samanheng og som ledd i sjølvutvikling. Ho er nå opptatt av skriving som samværsform og arrangerer skrivesamvær og skrivekurs. Ho er forfattar av boka Skrivelysten? Råd og hjelp og rare ting å prøve (Cappelen Damm 2013).
*