Eg har nettopp vore i Berlin. Der tok eg ein kanaltur på Spree og beundra arkitekturen i området rundt Riksdagen, bygningen som vart brent under uhyggelege omstende i 1933. Riksdagen er no blitt renovert og er blitt eit symbol på samlinga av Tyskland. Bygget, som var ferdig i 1999, er eit av dei mest besøkte i Tyskland i det heile. Folk står gjerne mange timar i kø for å komme opp i den nye og imponerande kuppelen i stål og betong på toppen av bygget, der ein kan sjå byen frå mange kantar. Kuppelen er 40 meter i diameter, og folk kan gå i spiralgangar inne i kuppelen heilt til topps. Om natta kan folket beundre bygget utanfrå og lett få auge på den berømte kuppelen, som kronar det mektige bygget.

Vi ser at kuppelen er halden i ein meir moderne stil enn resten av bygget. Det er noko folk naturlegvis har lagt merke til, og kuppelen har fått tilnamnet «Sitronpressa», som rett og slett er ein metafor eller ei samanlikning. Vi skal ikkje hengje oss opp i forskjellen mellom metafor og samanlikning her, men berre slå fast at i moderne metaforteori er metafor eit overordna omgrep som også omfattar samanlikningar. Det å samanlikne noko med noko anna, er sjølve kjernen i metaforen. Det er nemleg slik folk lagar metaforar; dei ser likskap mellom to fenomen og gjev det eit språkleg uttrykk. I dette tilfellet blir den monumentale kuppelen samanlikna med ein triviell kjøkkenreiskap. Slik kan ein på ein lett satirisk måte ta makta frå toppen og ned på jorda, for ikkje å snakke om inn i kjøkkenet.
Ikkje langt frå Riksdagen ligg eit anna monumentalt bygg med namnet Bundeskanzleramt. Det er kontoret til forbundskanslaren, som har ansvar for dei administrative oppgåvene til regjeringa. Det stod ferdig i 2001. Det er bygd i betong og glas i postmodernistisk stil, har eit areal på 12000 kvadratmeter og er åtte gongar så stort som Det kvite huset i Washington. Bygget er faktisk eitt av dei største regjeringshovudkvartera i verda.

Som ein ser, er sjølve bygget kvadratisk, mens vindaugspartiet er rundt. Dette har folk naturlegvis lagt merke til, og dei har også sett kva bygget liknar på. Dermed oppstod namnet «Vaskemaskinen». Det er vanskeleg å vite om det er eit klengenamn eller eit kjælenamn, men det er lite truleg at arkitektane såg for seg at bygget skulle bli samanlikna med noko så kvardagsleg som ein vaskemaskin, kva no det skulle stå for i denne samanhengen. Metaforane går sine eigne vegar. Folk tenkjer ikkje på idear når dei ser eit bygg. Dei tenkjer på kva bygget liknar på og morar seg med det.
Eit tredje bygg var så spesielt at det fekk meg til å tenkje på Santiago Calatravas bygg i Valencia. Det viste seg å vere det ein i dag kallar verdskulturhuset, eller Haus der Kulturen der Welt.

Huset er over 50 år gammalt og var ei gåve frå USA til Tyskland under den kalde krigen. Bygget skulle vise fram det beste Vesten hadde å by på, som ytringsfridom og fri utveksling av idear. Det skulle plasserast i vest, men slik at det lett kunne sjåast frå den austlege delen av Berlin. Bygningen var først ein kongresshall og eit symbol på tysk-amerikansk vennskap. I dag er bygget restaurert, og Haus der Kulturen der Welt eit forum for dialog med moderne kulturar rundt i verda, med kunstformer som teater, dans, film, litteratur og bildekunst. Men på folkemunne har bygget ikkje overraskande fått namnet «Den gravide østersen». Bygget har vore flittig besøkt av amerikanske presidentar og ministrar, også av Jimmy Carter, ein mann med eit breitt og stort smil. Det er derfor ikkje til å undre seg over at bygget også har fått namnet «Smilet til Jimmy Carter». Folket har med andre ord fanga opp ein annan intensjon enn den arkitekten og byggherrane hadde.
Så kva skal ein stakkars arkitekt gjere for å bli teken på alvor som ein seriøs fagperson? Det kan då ikkje vere noko i vegen for å lage flotte og assosiasjonsvekkande bygg? Men kva gjer ein når den folkelege humoren slår til og gjer det himmelstormande prosjektet om til eit vanleg og nesten latterleg bygg med hjelp av metaforar frå daglegspråket. Svaret kan vere å bruke same metoden som arkitektane og byggherrane bak tilbygget til Det Kongelige Bibliotek i København i 1999. Det er ein mangekanta bygning i svart og polert granitt, henta frå Zimbabwe og polert av ekspertar i Italia.

Bygningen er svart og skinande og kan ha noko felles med forma på ein diamant. Arkitekten og byggherrane hadde dette med som intensjon under arbeidet og gav derfor bygget namnet «Den sorte diamant». Informasjonen i bygget har naturlegvis namnet «Diamantinformasjonen». Kven vil vel ikkje gå dit? Bygget er først og fremst til for publikum, turistar og studentar inkludert, og det er også ein kulturklubb der med ulike opne kulturarrangement. Det Kongelige Biblioteks Kulturklubb har det kongelege namnet «Diamantklubben». Sidan arrangementa er opne, er det mogleg for alle å vere med i ein diamantklubb. Tilgang til bøker og kultur gjev med andre ord ein rikdom som kan samanliknast med verdien av sjeldne diamantar.
Moralen må vere: Lag dine eigne metaforar før andre gjer det. Og er dei gjennomtenkte nok, kan det hende dei blir ståande. Men ein må ikkje overdrive heller. Vi kan leggje merke til at det er mange rom i «Den sorte diamant» som ikkje har diamant i namnet. Det går an å leve i kvardagen òg.
*
Denne teksten er publisert under Creative Commons-lisensen CC-BY-SA.
*

Om forfattaren:
Norunn Askeland er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge og lærar og rettleiar på masterstudiet i faglitterær skriving.
*
Kommentar til «Metaforar og monumentalbygg»
Sissil Gromholt den 26/06/2013:
Tekst med både fin form og innhold! Godt å få et blikk på dette utenfra fra klok metafor-ekspert. Det er et evig tema i arkitektfaget. Symbolisere og referere eller ikke.
Mye omtalt eksempel: ”Robert Venturi coined the term «duck» to describe a building in which the architecture is subordinate to the overall symbolic form” http://en.wikipedia.org/wiki/Big_Duck
Et annet kjent eksempel: ”Fuglereiret” i Beijing var heller ikke arkitektenes metafor. Arkitektene hadde vært inspirert av kurvfletting. I Kina er de spesielt kjent for å knytte metaforer til byggene sine. Kunne vært spennende å vite hvorfor.
Hilsen Sissil Gromholt, Arkitekt/partner PUSHAK AS
*