Matemballasje (og korleis ta vare på maten utan å forgifte seg sjølv eller andre)

I 1907 fant den belgisk-amerikanske kjemikaren Leo Baekeland opp bakelitt, eit syntetisk framstilt plaststoff, og verda vart ikkje lenger den same. I dag, i 2019, svevar ein blå planet, rundt og rundt sola, samstundes som ein skytteltrafikk av bilar, skip, tog og fly fraktar plast i alle slags fasongar. Og det blå havet har fått ein ny viktig ingrediens: plast som ikkje vil brytast ned. Den blir berre til mindre og mindre bitar. 

Ikkje berre havet, men heimen min har og mykje plast. Og kva skulle vel eg ha ete om ikkje dette mirakelet av eit materiale hadde sikra at maten min kom fram, trygt frå produsenten, utan muggskadar og aggressive bakteriar. Matinnkjøp betyr og emballasjekjøp. Eg har eit kjøkkenskap fullt av plastboksar og -spann. Ein gong kom dei i hus fylt av is, bacalao, rekesalat, Innherredssodd og jordbærsyltetøy. Maten fortært, emballasjen vaska. Nå står dei klare for nye oppgåver: haustens fangst av bær, ein middagsrest, ein halv paprika. Men, påpeikar Mattilsynet, ein slik praksis kan være helseskadeleg.[1]

Eg byrjar å google frenetisk. I haustsol, bærfryd og eit eldorado for småe kryp har eg fått eit anfall av uro. Kan eg bruka plasten eg har hamstra i skapet?

Eg likar gjenbruk. Det er noko salig ved å bruke ting til dei ikkje orkar meir. Med god samvit kan eg pensjonera dei og legge dei med rette i bosskorga. Eg er da på lag med mor mi. Ho vart født før krigen og forbrukarsamfunnet. Mor mi kunne ta vare på tomme konfektøskjer. Det kunne tenkjast at ho kom til å fylle dei på nytt. Denne gongen med sjølvlaga godsaker. Ho gjorde det med tanteborna sine før ho fekk meg og ein arbeidskrevjande mann.

Gjenbruk har og blitt på moten att i ei tid der me ikkje lenger kan sjå bort frå alt søppelet me omgir oss med. Enkelt skal det likevel ikkje vera.

Googlinga mi finn: PET, PE-HD, PVC, PE-LD, PP, PS og trekantar med tall i. Bokstavar og symbol fortel kva for type plast eit produkt er laga av. Bak bokstavane er det kompliserte namn som polyetylentereftalat, polyetylen/polyeten, polyvinylklorid, polypropylen/polypropen, polystyren med meir. Plast er ikkje lenger berre billeg og unaturleg. Den har og blitt farleg. Bisfenol A og uhyggelege ftalater kan lekke frå flaskene og boksane eg har i skapet til maten min. Langt der framme ventar rot i hormonsystemet, kreft og barnløyse for ungane mine.

Eg har høyrt Mattilsynet sin åtvaring før. Man skal ikkje bruke om att isboksen. Sjølv om du kjøpte han med mat i betyr jo ikkje det at den kan brukast til nisteboks. Resirkuler den som plast, anbefaler Mattilsynet.[2] Åtvaringa fekk eg med meg som nybakt mor og flittig brukar av matportalen.no. For seint hadde eg blitt obs på farane med solsikkekjernar. Ein studie hadde påvist store verdiar av tungmetallet kadmium i slike frø. Det vart ikkje anbefalt å ete solsikkekjernar som snacks.[3] Og eg som god og gravid hadde knaska den eine neven etter den andre med noko eg trudde var sunt! Til trøyst kunne eg håpe det var økologiske kjernar eg hadde putta i meg. Dei hadde visst halvparten av verdiane til dei konvensjonelt dyrka frøa.

Eg greidde ikkje da å bli like medriven av åtvaringa mot plast. Isboksane står framleis i eit hjørne på kjøkkenet. No tenkjer eg at eg kanskje tok feil. Skulle eg ha endra vanen min heilt –kasta ut alle dei forseggjorte boksane, dei som har lokk som sit som støypt når ein har satt det på, og kjøpt inn nye boksar, laga til formålet?

Men kva er no eigentleg forskjellen? Eg stirer under plastboksen. Eingongsemballasjen min har dei same symbola som plastkoppane kjøpt inn til fleirgangsbruk. Isboksen min har merket glas og gaffel – eit symbol for emballasje som kan brukast til mat. Eg finn og merket PP og ein trekant med eit femtal på. Det tyder på at boksen er laga av polypropylen. Eg googlar vidare. Jo, den plasten er ikkje av den verste. Den skal vere trygg. Eller?

I dei gode gamle dagane, når plast enno ikkje var farleg, kunne plastgründerar i Norge starte plastbedrift heilt utan utdanning i faget. Liv Ramskjær, som skriv doktoravhandling om plasten sin historie i Norge, fortel blant anna om Johan Aasheim, ein gründer som etablerte Norsk Extruding på Notodden i 1948 – ei bedrift som etter kvart vart store innan produksjon av plastflasker. Han starta sitt plasteventyr gjennom å eksperimentere på kjøkkenbordet med ei ombygd kjøttkvern driven av ein symaskinmotor.[4] Sjølv kan eg, frå huset til mor og far min, sjå ned på eit lite grått hus.[5] Lite vitnar dette unnselege huset om plastproduksjon der det står mellom to enger, i ei lita landbruksgrend, grått, fredeleg og brunmarmorert av vær og vind. Men der har det og vore plastfabrikk ein gong i tida. Ny Plast, ei bedrift som enno lagar plastprodukt, byrja sitt plasteventyr der i 1968. I 1974 flytta dei produksjonen frå dette grå huset til Aremark i Østfold. Der held dei enno til.[6] Eg må innrømme at eg føler avstand til desse plastgründerane. Dei kunne visstnok heit utan tanke på skumle konsekvensar gje seg i kast med eit flunkande nytt materiale. Inga redsle hindra dei frå å gjere ein ide om til eit plastprodukt. Eg sveipar over smarttelefonen på ny og tenkjer at eg, derimot, skulle hatt eit lengre høgskulestudium i kjemi, berre for å vera ein oppegåande og vanleg kritisk forbrukar.

Så korleis kan eg få ro i sjela? På ein av mine isboksar står det til og med «Wiederverwendbare Haushaltsbox / Reusable household box». Den er produsert av RPC Superfos finn eg ut, og når eg undersøker emballasjeskåpet mitt nærmare, ser eg at mykje av det eg har spara på, nettopp er laga av denne produsenten. Eg finn og ut at sjølv om fasong og størrelse varierer, er dei alle merka med UniPak. På nettsida til RPC Superfos står det om UniPak-produktet: «At home, users can enjoy the liquid tight snap-on lid and use the packaging multiple times for household purposes because it is microwave, dishwasher and freezer safe.»[7]

Kan eg tru på det eg les, kan eg trygt bruke desse fine boksane til restemat og nyplukka bær? Eg bestemmer meg for å spørje produsenten og formulerer to spørsmål. I det første spør eg om det verkeleg er tilfelle at UniPak-produktet kan brukast til alle typar mat, og eg spør om dei kan brukast om att. Eg spesifiserer og formålet for ombruken, oppbevaring av matrestar og bær me har plukka sjølve. I det andre spør eg om plasten i eingongsemballasjen er den same som plasten som brukast  i plastboksar og kjøkkenutstyr laga for fleirgangsbruk. Eg trekk fram at merkinga ofte er lik – glas- og gaffelsymbol og til dømes plasttype PP 5.

Eg sender dei same spørsmåla til Mattilsynet og, men av ein eller anna grunn får eg ikkje noko svar frå dei. Kanskje har eg masa for lite. RPC Superfos, derimot, sender meg eit svar. Roy Engdal, områdeansvarleg for Norge i RPC Superfos-konsernet, beklagar først at svaret kjem seint. Deretter svarar han i grunn slik eg ønskjer at det skal vera:

1. Alle våre emballasjer er godkjent for bruk til næringsmidler og kan benyttes både i oppvaskmaskin og micro ovn.  Passer derfor perfekt til f.eks. selvplukk av bær og som emballasje til nedfrysing av matrester.  Vedlagt følger også vår EK certifikat som bekrefter dette.

2. Det er i utgangspunktet ikke forskjell på våre produkter merket med PP5 og produkter som kjøpes i butikk som også er merket med PP5, men vi kan nok si at våre emballasjer kan være mer miljøvennlige da de er tynnere enn de som kjøpes for gjenbruk.  Når det gjelder bruk av glass og gaffelsymbolet har vi begynt å fjerne dette på våre produkter og anbefaler heller våre kunder å legge dette inn i sin egen dekorasjon på emballasjen.  Årsaken er at selv om alle våre produkter er godkjent for næringsmidler betyr jo ikke det at alle produkter som er i emballasjen kan spises, f.eks. maling.  Derfor benyttes ikke disse symboler på nye varianter og de fjernes etter hvert på eksisterende former.[8]

Er dette for godt til å vera sant? Før eg slår meg heilt til ro og let plastboksane stå, skulle eg så gjerne hatt eit svar frå Mattilsynet og. Eg purrar. Denne gongen stoppar ikkje førespurnaden min i ei vennleg kommunikasjonsavdeling. Mattilsynet gir meg eit svar! Orsaking får eg og for den manglande responsen sist eg spurde. Svaret er oppklårande. Dei skriv i e-posten til meg:

Forskjellen mellom bokser til flergangsbruk som en forbruker kjøper selv og en isboks er at forbrukeren ved det første tilfellet skal få informasjon hvis det er noen bruksbegrensninger. Det er et krav om at informasjon om eventuelle bruksbegrensninger skal gis til brukeren av emballasjen for å sikre riktig bruk. I det første tilfellet er brukeren gjerne en forbruker, mens det for isboksen er isprodusenten som er brukeren og som må følge bruksbegrensningene i et ledd for å sikre at isen de selger er trygg. Det er ikke et krav om at informasjon om bruksbegrensninger til isboksen skal følge med videre til forbrukeren som kjøper isen. Det kan mao godt hende at disse to boksene er helt like og har samme bruksbegrensninger, men det er om forbrukeren får informasjon om disse bruksbegrensningene eller ikke som er forskjellen.[9]

Bondevettet mitt hadde kanskje noko for seg. Forskjellen treng ikkje vera stor mellom plastprodukta butikkane sel til matoppbevaring og fleirgangsbruk og den emballasjen matprodusentar brukar til sine halvfabrikata og ferdigmat. I grunnen er det ikkje materialet dei er laga av som skil dei. Det kan vere heilt likt. Det er informasjonsplikta til forbrukar som er ulik for dei to produkttypane. For eingongsemballasje er det matprodusenten som skal vere informert om bruksområder og bruksavgrensingar. Matprodusenten har ikkje krav på seg om å formidle denne informasjonen vidare til kjøpar i butikk. På plastboksane som er spesielt laga for til dømes sjølvplukk og matrestar, skal derimot forbrukar få vete kva boksane kan og ikkje kan brukast til.  Informasjonsmangel gjer at Mattilsynet ikkje utan vidare vil anbefale meg å bruke isboksen om att.

Eg vaskar eit UniPak-beger og set det til tørk. Eg har konkludert. No når eg eg har fått dei manglande opplysningane frå produsenten, bl.a. gjennom det tilsendte EK-sertifikatet frå RPC Superfos, kan eg faktisk bruke om att boksane som kom i hus med is, bacalao, rekesalat og liknande, på lik linje med dei ein kjøper over disk berekna til restematen min. Plast, sukkar eg, er på mange måtar eit framifrå materiale. Tenk, plastkoppen eg nettopp sette til tørk går ikkje i knas sjølv om den skulle ha gloppe ut or handa mi, tatt ein baklengs salto og landa på golvet. Dei lange polymerane i den blanke plasten, som eg har lese er plastens høgmolekylære byggesteinar, skapar eit elastisk og, i forhold til vekta si, slitesterkt materiale. Om eg set begeret på ei vekt, viser vekta berre 35 gram. Eg kan skjøne argumentet om meir energieffektiv transport med plast som emballasjemateriale.  Eit tomt peanøttsmørglas veg til samanlikning 175 gram.

Plast er ikkje berre fy. Ikkje dess mindre, gode eigenskapar har og sin pris. I dag veit me at plast på avveg er eit stort miljøproblem. Fleire påpeikar at svaret ikkje berre er resirkulering. Diskusjonar kring redusert produksjon og bruk av plast er allereie her. I enkelte land har tiltak blitt innført. Til dømes er visse typar plastposar forbode i fleire land, verda over, og i desember 2018 vedtok EU eit forbod mot fleire typar eingongsartiklar i plast, som servise og q-tips, gjeldane frå 2021.[10] Å bruke isboksen til dei sjølvplukka bæra, i staden for å kjøpe eit sett med nye, ubrukte beger, er kan hende eit ørlite bidrag til plastreduksjon, ein innsats utan betydning i forhold til vårt samla plastforbruk. Men om det er informasjonsplikta som utgjer forskjellen på eingongs- og fleirgongsemballasjen, kvifor ikkje gjere noko med merkingsordninga for desse produkta? Kunne det vore ein ide å innføre same krav om informasjon til forbrukar for begge emballasjetypane? Ei slik ordning kunne vore ei lita handsrekning til dei av oss som likar å forlenge livet til noko som er fullt brukande, og det kunne vore eit signal om at mogleg ombruk tenkjas inn i eit produkts etterliv, i tillegg til resirkulering.

Ombruk er på veg til å bli moderne att. Sirkulær økonomi og delingsøkonomi er omgrep på full veg inn i språket vårt. Produkt skal få lengre levetid, det me har og lagar skal utnyttast betre. For me veit me treng andre modellar enn bruk og kast i dagens og framtidas samfunn. Kan og forholdet vårt til eingongsemballasje bli del av ei slik omlegging?

*

Teksten er skrevet som en pastisj over Anne Gunn Halvorsen (2016): Livet og korleis leve det. Ei handbok for vaksne. Oslo: Det Norske Samlaget. En artikkel om pastisjskriving kan leses her.

*

Om forfatteren:

Guro Rønningsgrind (født 1972) har en doktorgrad i musikkvitenskap fra NTNU. I tillegg har hun arbeidserfaring fra kulturadministrasjon. Hun har vært kulturskolerektor, avdelingsdirektør for en museumsenhet og leder av et samarbeidsprosjekt mellom museum og bibliotek. For tiden arbeider hun mest med undervisning. Rønningsgrind jobber som kulturskolelærer i Frøya kommune, en kommune som ligger langt ut mot havet på Trøndelagskysten. Der bor hun også med sin familie.

*

Notar

[1] Mattilsynet 2017b

[2] Gulbrandsen 2017, Elsness og Jørgensen 2010

[3] Mattilsynet 2013 og 2017a

[4] Nickelsen 2015

[5] Bildet i starten av artikkelen er eit bilde av dette huset.

[6] Informasjon frå Terje Fagereng og frå nettsida til Ny Plast, http://nyplast.no.

[7] RPC Superfos 2017

[8] E-post frå RPC Superfos, datert 20. november 2017.

[9] E-post frå Mattilsynet, datert 7. januar 2019.

[10] Huseby 2017, Bjørndal 2018, Bakken og Brekke 2019

Litteratur

BabyGreenThumb (2011). Safe Plastic Numbers (Guide). Publisert 06.06.2011. Hentet 25.11.2017 fra http://www.babygreenthumb.com/p-122-safe-plastic-numbers-guide.aspx

Bakken, Laila Ø. og Anders Brekke (2019). EU forbyr engangsplast. NRK. Publisert 28.03.2019. URL: https://www.nrk.no/urix/eu-forbyr-engangsplast-1.14493723

Barrett, Mike (2013). The Numbers On Plastic Bottles: What Do Plastic Recycling Symbols Mean? Natural Society. Publisert 06.02.2013. Hentet 25.11.2017 fra http://naturalsociety.com/recycling-symbols-numbers-plastic-bottles-meaning/

Bjørndal, Johs (2018). EU har vedtatt forbudet mot ulike typer engangsplast. Kretsløpet. Avfalls- og gjenvinningsbransjens magasin på nett. Publisert 20.12.2018. URL: https://www.kretslopet.no/avfallspolitikk/732-eu-har-vedtatt-forbudet-mot-ulike-typer-engangsplast

Chemical Heritage Foundation (2017). The History and Future of Plastic. Hentet 25.08.17 fra https://www.chemheritage.org/the-history-and-future-of-plastics

Egeland, Jorunn (2016). Har du lagt merke til dette symbolet på plastflaskene? Side2. Publisert 02.05.16. URL: http://www.side2.no/helse/har-du-lagt-merke-til-dette-symbolet-pa-plastflaskene/3423219728.html

Elsness, Maria og Karina Kaupang Jørgensen (2010). Ikke ha mat i isbokser, NRK. Publisert 26.02.2010. URL: https://www.nrk.no/livsstil/–ikke-ha-mat-i-isbokser-1.7012436

Gulbrandsen, Christine (2017). Derfor skal du ikke bruke tomme isbokser og rømmebegre til å oppbevare mat i. Aftenposten. Publisert 04.07.2017. URL: https://www.aftenposten.no/bolig/Derfor-skal-du-ikke-bruke-tomme-isbokser-og-rommebegre-til-a-oppbevare-mat-i-10341b.html

Huseby, Vilde Blix (2017). Siste reis for «plastic fantastic»?» Dagsavisen, s. 16-17. Publisert 20.05.2017

Knight, Laurence (2014). A brief history of plastics, natural and synthetic. BBC News. Publisert 17.05.2014. URL: http://www.bbc.com/news/magazine-27442625

Life Without Plastic (2017). How can I tell what type of plastic something is made of, and if that plastic is safe? Hentet 25.11.2017 fra https://www.lifewithoutplastic.com/store/common_plastics_no_1_to_no_7#.Wh7_9bYrVPN

Lindahl, Håkon (2017). Plastpiler. Framtiden i våre hender. Publisert 16.01.2015. Hentet 25.11.2017 fra https://www.framtiden.no/merkeguiden/elektronikk/plastpiler.html

Mattilsynet (2013). Ofte kadmium i solsikkekjerner. matportalen.no. Publisert 14.12.2006, sist endra 03.01.2013 URL: http://www.matportalen.no/verktoy/tilsynsresultater/ofte_kadmium_i_solsikkekjerner

Mattilsynet (2017a). Er solsikkekjernar helseskadeleg? matportalen.no. Publisert 24.08.2004, sist endra 21.11.2017. URL:
http://www.matportalen.no/matvaregrupper/tema/kornvarer/er_solsikkekjernar_helseskadeleg

Mattilsynet (2017b). Sjekk om emballasjen er egnet. matportalen.no. Publisert 01.03.2011, sist endra 18.08.2017. URL: http://www.matportalen.no/merking/sjekk_om_emballasjen_er_egnet

Moen, Marie Kingsrød (2015). FHI-forsker: – Unngår mat innpakket i plast. VG. Publisert 05.08.2015. URL: https://www.vg.no/forbruker/helse-og-medisin/fhi-forsker-unngaar-mat-innpakket-i-plast/a/23499700/

Nickelsen, Trine (2015). Då plasten kom til Noreg. Apollon. Publisert 09.04.2015. URL: https://www.apollon.uio.no/artikler/2015/1_plasten.html

Ny Plast (2017). Om oss. Hentet 25.11.2017 fra http://nyplast.no

Ore, Sven og Aage Stori (2019a). Plast. Store norske leksikon, sist oppdatert 11.02.2019. URL: https://snl.no/plast#-Verdensproduksjonen

Ore, Sven og Aage Stori (2019b). Polymerer. Store norske leksikon, sist oppdatert 22.03.2019. URL: https://snl.no/polymerer

RPC Superfos (2017). UniPak – comes in many shapes and sizes. Hentet 14.11.2017 fra http://superfos.com/Products/Salads/UniPak

Valmot, Odd Richard (2017). Plast som materiale har vært en velsignelse – men det har også skapt store problemer. Teknisk Ukeblad. Publisert 19.06.2017. URL: https://www.tu.no/artikler/plast-som-materiale-har-vaert-en-velsignelse-men-det-har-ogsa-skapt-store-problemer/396179

Andre kjelder

E-postkommunikasjon med Roy Engdal, RPC Superfos, datert 14. og 20. november 2017.

Informasjon om Ny Plast frå Terje Fagereng, datert 25. november 2017. Fagereng eig garden der bedrifta sitt første produksjonslokale låg.

E-post frå Mattilsynet, datert 7. januar 2019.

*

Del artikkelen på sosiale medier