Kva skal eg bli? Kven er Eg? Frå avmakt til livsmeistring

NAV har ringt opp Susanne på 22 år og gitt ho tilbod om å delta på Aktiv Ungdom. Om ho takkar nei, står ho i fare for å miste trygda. Om ho blir med, vil ho få litt høgare stønad, tiltakspengar. Ho har ikkje så mykje val, som åleineforsørgjar til ein son på fem år. Motvillig har ho gått med på å delta på kurset. Ho har slite i mange år med å få seg fast jobb.

Mange ungdomar vel i dag bort skolen. Årsakene til fråfall er samansette, men ein grunn er at unge har vanskar med å meistre livet sitt. 25 prosent av jenter over 16 år rapporterer at dei slit med einsemd, angst eller depressive symptom (tal frå Ungdata-rapporten, 2015). Når dei unge ikkje får dekt sine grunnleggjande psykologiske behov, kan resultatet bli mangelfull livskompetanse og nedsett arbeidsevne. Vegen derifrå og til køa for psykisk helsehjelp blir ofte kort. Då blir både helsa og manglande utdanning årsaker til at dei unge ikkje kjem seg ut i arbeid. Dei held opp med å drøyme. Avmakta fordriv framtidstrua.

Aktiv Ungdom

Aktiv Ungdom er eit karriere- og motivasjonskurs som blir tilbode av ulike aktørar på oppdrag frå NAV-kontor rundt om i landet. «Aktiv Ungdom» er også namnet på EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Dei to Aktiv Ungdom-prosjekta har ikkje noko med kvarandre å gjere.

Eg er rettleiar på eit karrieresenter. Karrieresenteret er fagleg ansvarleg for eit Aktiv Ungdom-kurs, og NAV er oppdragsgjevar og samarbeidspartnar. Utdanning, arbeid og helse blir sett på som tre sider av same sak. Vi på karrieresenteret driv med karriererettleiing og søkjer å dekke grunnleggande psykologiske behov ungdomane har. I staden for å behandla symptoma på livssmerta, jobbar vi tverrfagleg og med nettverket for å skreddarsy rettleiinga til den einskilde. Vi prøver å gje ungdomane praksisplassar i tråd med deira eigenskapar, interesser og verdiar. Det verkar gje resultat.

Det er dei ungdomane som ikkje er godt tilpassa på skole-, familie- og fritidsarenaene som i størst grad råkast av dårlig psykisk helse. Unge som slit mykje med psykiske helseplager, har lågare utdanningsambisjonar enn andre ungdomar. Deltakarane på Aktiv Ungdom (AU) er arbeidssøkande mellom 16 og 24 år som ikkje har fullført vidaregåande skole. I prosjektet er det sett inn ressursar for å hjelpe desse ungdomane attende til fellesskapet.

Vi som jobbar i teamet på Karrieresenteret, har førebudd oss i lang tid på at eit nytt AU-kull skal komme. Karin, leiaren vår, har vore på infomøte mellom NAV og ungdomane. Merete, Per Ivar og eg har sett søknadane og snakka med sakshandsamarane til deltakarane på førehand. Ungdomane har skrive under på samtykkeskjema, slik at vi kan utveksle informasjon. Vi har fått fire personar kvar som vi skal følgje opp individuelt. Vi har gjort klasserommet klart. Det er viktig at det ikkje ser for «skolsk» ut der. Mange av deltakarane har ikkje dei beste minna frå skolen. Pultane er sett i ein hestesko slik at vi lettare kan sjå kvarandre og vere i open dialog. I det eine hjørnet av rommet er det ei sofagruppe, med eit bord der dei kan trekke seg tilbake og spele spel i pausane. Det ligg kortstokk, yatzy og UNO på bordet. I rommet er det også vasskokar, kaffi og te. Alle har fått kvar sin PC, minnepenn, notisbok. Ein mappeperm for vitnemål, attestar, CV og søknader ligg også på kvar pult.

Eg er ein av dei fire karriererettleiarar med ulik kompetanse som arbeider på Karrieresenteret. I AU-kurset skal vi tett på ungdomane, ha møte med NAV, hjelpeapparatet, PPT, psykisk helsevern og mange fleire ettersom behova blir kartlagt. Vi skal samarbeide tett med næringslivet for å skaffe dei unge praksisplassar og følgje dei opp i praksisperioden.

Eg er på veg opp trappene for å møte dei tolv som har fått plass. Kurset går over fire veker, så skal ungdomane ut i praksis i seks månader om alt går etter planen. Eg er spent på om gruppa får til samspel slik at dei kan bli kvarandre sine støttespelarar. Klarar vi å snu motstanden deira, at dei er der mot sin vilje, til at det kan bli deira eige prosjekt? Finn dei strengen som dirrar i seg når dei kjem på sporet av kven dei eigentleg er?

Kan vi ved å ta i bruk ei tverrfagleg og mangefasettert tilnærming skape ein indre motivasjon hos ungdomane slik at dei får mobilisert eigne ressursar? Målet er at dei får framtidshåp og igjen kan drøyme om ei lys framtid.

Mine kollegaer, Merete og Karin, er der allereie når eg kjem til første kursdag. Ti ungdomar er komne. Nokre sit fordjupa i datamaskinen. Fleire av gutane har lue på seg. Jentene har mykje sminke og har sett seg saman. Eg får i oppdrag å ringe dei som ikkje er komne. Ein av dei er Susanne: ho var blitt forsinka på grunn av barnehagen, men ho er på veg. Ho kjem inn ti minuttar etter, med miniskjørt, armar dekorerte med tatoveringar i alle fargar, musefletter og kolsvarte, malte auge. Ho set seg og stirer tomt framfor seg.

Bli kjent og etablere rammer

Elevane skal presentere kvarandre etter at dei har intervjua kvarandre. Sidemannen fortel nokre stikkord om interesser, bustad og alder, og så djupar læraren ut med spørsmål. Den andre læraren skriv på flippover, eit ark for kvar person, arka blir hengt opp på veggen.

Ein gut med rosa lue: Eg har andre interesser også, PC og å snekre.
Merete: Kva snekrar du?
Han: Garasjar, carport. Kunne nemnt fleire ting, men det blir ikkje plass på arket.
Merete: Ein skikkelig handyman. Ho smiler. No smiler han også og har blikkontakt.
Merete: Er de klar over kor mykje kompetanse de sit på, at de kan lære av kvarandre. Seinare skal vi trene på jobbintervju. De gjorde det veldig bra no. Alle snakka, kjempebra.
Ho held fram med å fortelje at det er mykje vi kan og vi gjer som vi ikkje tenker over at vi kan, eller at vi er gode på.
Merete: På kurset her skal du få trene på å legge merke til desse eigenskapane og etter kvart føre dei opp på ressurs-CVen din.

Resten av dagen lagar elevane eit stort gruppetre som skal henge i klasserommet. Røtene på treet er verdiane deira, kva som er grunnleggande viktig for at dei skal trivst og lære. Dei diskuterer i grupper og blir samde om kva som skal stå på trerøtene: tryggleik, tillit, venskap, kjærleik, omsorg, bli sett, vere til nytte, å meistre og fridom.

Gruppereglane som vi rettleiarane allereie har laga eit forslag til, blir diskutert. Ungdomane får på den måten eit eigarforhold til rammene, til dømes teieplikta og oppmøteplikta. Det som blir snakka om i timane blir verande der, er dei samde om. Det er ikkje lov å referere kva andre har delt i fortrulegheit. Dei blir samde om at dei skal ringe og vekke kvarandre, sånn at vi lærarane slepp. Så organiserer dei at dei kan sitje på med kvarandre til skolen. Ungdomane får vere med og bestemme og ta ansvar. I staden for at vi lærarane fortel kva som er reglane for god framferd på kurset, blir det ein demokratisk prosess, der alle sine stemmer blir hørt. Utan kontroll og detaljstyring. Alle må ta ansvar og seie noko om kva som er viktig for dei for å trives, meistre og lære.

Identitet, rollar og sjølvkjensle

I teammøte diskuterer vi våre observasjonar av gruppa og tankar om vegen vidare.

Ungdomstida er ein sårbar periode som byd på store endringar – både kroppsleg og mentalt. Dei unge skal finne ut kven dei er og kva som er deira livsveg. Dei møter forventningar og krav om sjølvrealisering. Sjølvbildet er ein viktig del av identiteten deira. Det fortel korleis dei ser på seg sjølve. Måten dei er blitt spegla på av nære omsorgspersonar er med på å skape sjølvbildet. Om vår spegling som rettleiarar skal fungere som ein positiv faktor i utvikling av sjølvbildet, må vi møte ungdomane som dei er. Vi må utfordre perspektiva deira. Ein kombinasjonen av å stille krav og å spele på lag.

− Det må vere utan press på at dei skal vere noko anna, noko betre, at dei er OK akkurat som dei er, seier eg.
− Gjennom kurset får dei betre sjølvtillit, og det er nettopp det dei treng. Dei må sjå at dei kan meistre og få positive tilbakemeldingar, seier Karin.
Vi er einige om at vi må lytte til deira sjølvforteljingar, og ikkje ha ein eigen agenda om å føre vegsøkar til ein betre stad ut frå vår verkelegheit.

Vi gir dei ei oppgåve i sjølvinnsikt. Deltakarane teiknar sjølvportrett, for å spegle sin eigen indre representasjon, gje seg eit utrykk som kan fortelje dei meir om korleis dei oppfattar seg sjølve.

Susanne sitt sjølvportrett

Slik eg oppfattar det, var dette ei vanskeleg oppgåve for Susanne, eg tolkar det som at ho fekk kontakt med sitt mørke og sine depressive tankar rundt det å ikkje kjenne seg bra nok. Maleriet blei som ein spegel for ho. Ho såg på biletet av andletet sitt og sa: «Det å føle at ein ikkje betyr så mykje, det har alltid vore mitt største problem. Kvifor er eg her? Folk kan jo seie kva dei vil, men om eg kjenner noko anna, har det ikkje så mykje å seie.» Positive tilbakemeldingar kan medverke til eit positivt sjølvbilde, medan kritikk frå ein sjølv og andre kan gi eit negativt bilde, at ein trur ein ikkje er bra nok. Det er ein samanheng mellom negativt sjølvbilde, negativt kroppsbilde, spiseproblem, angst og depresjon. Ungdom som har psykiske helseplager, har ofte eit spesielt negativt sjølvbilde.

Susanne sa: «Eg fann ord og uttrykk som fortalde kven eg var, og då blei eg betre kjend med meg sjølv. Korleis eg er. Eg hadde ikkje tenkt på kven eg er. Det er jo ikkje vanleg å stille seg dei spørsmåla».

Autonomi og medverking

Vi ønska å stimulere til autonomi og sjølvinnsikt. Eit døme på det var å skape «draumebilde». Elevane skulle drøyme for å komme forbi manglande framtidsvon, som eit lågt sjølvbilde og manglande meistringserfaringar kan føre til. Eg hadde tatt med vekeblad, saks og limstiftar og føreslo at dei skulle lage ein collage av draumebildet sitt. Susanne protesterte høglydt med å seie: «Eg vil heller bruke data, eg finn ikkje draumebilda mine i dei jævla kjerringblada.»

Eg blei usikker, ville dette føre til at dei gjekk inn på andre nettsider i staden for å gjere oppgåva? Eg bekymra meg og sa det til klassen. Dei visste ikkje om nokon annan måte å sikre at det blei arbeidsro på enn at eg skulle straffe dei etter å ha overvaka nettstader dei hadde brukt.
− Eg ønsker ikkje denne rolla, eg ønsker å ha tillit til dykk, sa eg. − Det er OK at de nyttar data, men alle må ha eit ferdig produkt som de skriv ut, og så skal de leggje det fram for oss andre.

Alle var med, hjelpte kvarandre, og alle heldt framlegg. Det synte seg at det å ha meistringsforventningar til elevene og å gje dei sjølvråderett verka motiverande. Er det i det heile tatt mogeleg å få til kreativitet, refleksjon og nyskaping dersom skolekvardagen ikkje er elevaktiv, men dominert av kontroll og lærarstyrte aktiviteter? Ungdomar treng kritisk tenking, initiativ og eigne meiningar. Det må vi bejae, for det fremmer sjølvrespekten.

Psykisk helse

Psykisk helse er eit sentralt tema på kurset, og eg starta med ei førelesning. Vi har erfaring med at ungdomane ikkje vil snakke før dei har fått nokre knaggar å henge samtalen på. Det hender også at dei heller vil snakke med rettleiar i etterkant, individuelt, og ikkje snakke i plenum om sensitive forteljingar.

Utdrag frå førelesning om psykisk helse
− No skal eg lære dykk noko de ikkje lærte på skolen, men som er livsferdigheter de har bruk for, startar eg med å seie.
− Kva er psykisk helse?
− Kjenslene merkast i kroppen, og dei verker direkte på kva vi tenker om oss sjølve og om det vi kjenner. For å forstå psykisk helse må ein kunne tyde kva kjenslene prøver å fortelje oss. Kjenslene kjem med informasjon og er bruberande. På kurset skal dei lære om dei vanlegaste kjenslene og kva funksjon kjenslene har. Korleis kan ein kjenne igjen dei ulike kjenslene og tolke den informasjonen dei kjem med? De skal lære teknikkar for å halde ut kjensler, akseptere og minske dårleg sjølvkjensle. Det er viktig å uttrykke kjenslene når det er på sin plass for å minske sårbarheta for sterke kjensler. Korleis auke og skape positive kjensler gjennom å gjere trivelege ting og å gjere endringar i livet slik at trivelege situasjonar skjer oftare. Stundom må ein kunne handle tvert imot alle kjensler, om det er viktig.
Eg spør ungdomane om kva slags kjensler vi har og viser dei smileys.

Dei kjem med forslag som: Eg vil ha deg, eg tystar ikkje, cool, kyss meg …

Eg fortel om ulike kjensler, og vi diskuterer korleis dei kjennest ut i kroppen og kva for ein bodskap kjenslene kjem med. Til dømes skam, den verkar direkte inn på sjølvbildet vårt. Mange er veldig kreative med sjølvkritikk, og kritikken verker direkte på vår kjensle av å ikkje vere god nok. – Har de ein indre kritikar? Fleire nikkar, ingen seier noko.

− Når vi kjenner oss avvist, kan vi oppleve skam. Då kan vi bli redde for å møte på andre som spør oss korleis vi har det. Vi vil vere usynlege, og vi vil ikkje snakke om det. Men det vi skammar oss for, er det viktig å snakke om. Den kjensla skal ikkje rommast, den skal delast, då blir ho mindre. Alle skal vere så vellykka, det skaper eit stort press, og skamma over å ikkje passe inn lurer rett rundt hjørnet. Det er viktig å sjå på verdiane. Er det viktigaste for meg å bli likt av andre, eller er det å gå min eigen veg viktigare? Vi kan bli redde for å vere kjedelege.

− Det finst ulike forsøk på å regulere kjensler: rus, sex, medisinar, sjølvskading, overspising, svelte seg, kjøpe- eller speletvang. Ungdomane kjenner seg godt igjen i desse forsøka på å regulere kjenslene.
− Desse måtane å få kjenslene under kontroll på, er alle kortvarige løysingar som kan forsterke den negative kjensla, held eg fram. − Fordi skamma legg seg oppå og er vanskeleg å komme ut av. Som fylleangst. Elevane som seier noko, er kanskje dei som er minst prega av skamkjensle, sidan det er i skamma sin natur å ikkje vise seg fram for andre.

Susanne utbryt: «No synest eg at vi skal ta oss ein fest. Eg inviterer alle heim til meg på fredag, og de må gjerne overnatte. Kven blir med?» Dei fleste gutane rekker opp handa og nikkar bekreftande.

Dei lærer om alternative måtar å regulere og holde ut kjenslene på. Det vil seie å ikkje fornekte eller undertrykke dei.
− Kjenslene er ikkje farlige, dei kan ikkje skade deg, seier eg. − Det er viktig å bli kjenslemessig regulert, for å kunne tenke klårare. Om ein er overvelda av kjensler, tenker og handlar ein ikkje klårt.
Dei gjer øvinga Stoppventgå.

 − Kva kjenneteiknar angst og depresjon? Når kan ein hjelpe seg sjølv med psykologisk førstehjelp, og når bør ein oppsøke profesjonell hjelp? Her kjem ungdomane med fleire døme: «Når eg sit heile natta og gamar og ikkje kjem meg på skolen, er det kanskje ikkje så sunt? Men eg likar å forsvinne inn i mi eiga verd. Det er kanskje ei flukt.»

Vi ser ein film om depresjon for å lære meir om temaet.

Individuell kartleggingssamtale

Alle på kurset får tilbod om individuelle samtalar. Susanne fortel at ho ikkje sto første året med formgjevingsfag. Ho slutta på vidaregåande etter at ho blei mor, som 17-åring. For to år sidan starta ho på nytt i første klasse. Denne gongen på helse- og oppvekstfag. Ho tenkte at innanfor omsorgsbransjen fekk ho sikkert jobb. Berre jenter i klassen. Ho trivdest ikkje, braut av skolen og flytta heim til Narvik frå Ålesund. Året etter prøvde ho for tredje gong førsteåret på vidaregåande skole. Denne gongen på teknikk og industriell produksjon. Endeleg var ho i sitt rette miljø, med dei tøffe gutane. Ho hadde framleis konsentrasjonsproblem og skrive- og rekneutfordringar. Utan hjelp klara ho ikkje matematikk- og norskkrava. Ho vart deprimert og gjekk til psykolog. Ho uroa seg for økonomien, sida ho berre fekk sommarjobbar og elles sto utan arbeid. Ho var aleineforsørgjar for sonen. Ho fekk ikkje fullført vidaregåande etter tredje forsøk, for no har ho brukt opp ungdomsretten sin til utdanning, fortel ho.

Terapien for depresjon hadde ho avslutta, syntest ikkje den hjelpte. Når ho ikkje var i terapi, gjekk ho og venta. Terapien var ein time i veka. Ho kjente seg litt betre eit par timar etterpå, men så gjekk ho resten av tida og bekymra seg. Ho fortel: «Når eg sa til psykologen at eg hadde lyst å døy, sa han: ‘Nei, det har du ikkje. Du har lyst å leve.’ Han hørte ikkje etter. Eg kunne jo ikkje vite at når eg hadde den kjensla, var det ikkje det eg eigentlig ville.» Psykologen kunne ha spurt kvifor eg hadde det sånn, utforska det med meg, seier ho.

Tverrfagleg samarbeid

Susanne har fått i oppgåve å skrive CV og søknad på praksisplass, etter at ho har fått kartlagt sine interesser, ressursar og verdiar. Ei gutejente som vil arbeide med tunge, store kjøretøy i anleggsbransjen. Ho har saman med rettleiar Merete laga ein karriereplan, med kortsiktige og langsiktige mål. Ho vil bli anleggsmaskinførar. Merete finn fram til alle bedriftene i byen som har bruk for denne kompetansen ved å gå inn på nettstaden utdanning.no. Utdanning.no har i 2016 utvikla Finn Lærebedrift, som er eit verktøy for alle som jobbar med rekruttering av lærebedriftar, og for dei som søker læreplass. Ho kontaktar ei og ei verksemd og fortel om prosjektet og spør om dei har ledig praksisplass til Susanne. Kvar gong ho skriv søknad, må Susanne tilpasse den til bedrifta. Sidan ho har skriveutfordringar, kontaktar Merete PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste), og Susanne får ei sakkyndig vurdering. Den gjer at ho får rettar: Ho kan få auka stipend frå lånekassen, hjelpemiddel, retteprogram og tilrettelegging i studiar og ved eksamen. Ho kan også søke fritak i inntil to fag etter forskrift til opplæringslova § 1-13. Fritak frå fag for privatistar og vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei. Ho får vaksenrett til utdanning frå det året ho fyller 25 år.
Susanne får ei von om at også ho kan få ei utdanning.
Dette er eit viktig vendepunkt for Susanne, tenker eg.

Susanne tok tak i eige liv. Det var som om ho forsto at det var opp til ho. Ho trengte ikkje lenger å vere samd med dei som berre klaga over at ho ikkje strekte til.
Ho sa: «Det er ingen som skuldar deg noko. Du må jobbe for det du vil ha, sjølv. Då må du gjere alt du kan for å få det til, elles kjem du ingen veg. Du kan ikkje lene deg på andre når det har med ditt liv å gjere. Eg har så inderleg lyst til å gjere så mykje, og då må eg ha pengar. Det motiverer meg.»

Men Susanne blir igjen litt motlaus etter at ho får det eine negative svaret etter det andre frå bedrifter som rettleiar Merete kontaktar.

Susanne treng støtte og set ord på sine behov til Merete. Ho er klår på kva som er viktige eigenskapar hos sin rettleiar. «At du alltid er blid og positiv og har trua på meg. Ver glad. Du kan ikkje ha dårlege dagar. Vær optimistisk på mine vegner. Høyr etter når eg seier noko. Du må kunne ‘lese’ meg, kroppsspråket, sjå korleis eg er utan å måtte spørje, og kunne tilpasse deg, forme deg etter meg i samtalen.»

Til slutt får Merete napp hos Taraldsvik Maskin. Ho og Susanne får møte Stian Seljenes til intervju. Han har lest CVen og søknaden hennar. Merete og Susanne har trena på intervjusituasjonen på førehand.

Eg er litt spent når dei dreg i veg. Fordi Susanne har ein tøff veremåte, ho snakkar som ein «bryggesjauar» og kler seg som det passar ho.

Det blir eit positivt møte. Stian seier at dei treng ei jente som kan takle å jobbe samen med 80 mannfolk, på den måten kan gutane kanskje roe seg litt ned når det gjeld språkbruken, seier han. Susanne: «Eg skal nok klare å stoppe kjeften på karane om dei blir ubehagelige.» Stian gir ho ein sjanse. Etter tre månader i praksis tar Stian og Merete kontakt med opplæringskontoret. Taraldsvik Maskin vil bli lærebedrift, og Susanne skal få læreplass og opplæring i verksemda.

Etter Aktiv Ungdom

Eg intervjuar Susanne eit halvt år etter AU om utbytet av kurset. Eg lurer på korleis ho har det med seg sjølv og livet sitt? Kva kan Susanne fortelje om ho har fått dekt sine kjenslemessige behov? Og har det gjort at ho har klart å mobilisere eigne indre ressursar for å få ei betre psykisk helse? Svara hennar gjev meg mykje å tenke på.

Susanne har fått lærekontrakt hos Taraldsvik Maskin og er på god veg til å bli faglært anleggsmaskinførar. Foto: Ingrid How Indregard

Tryggleik
Eg spør Susanne om tryggleik. Eg seier at utan tryggleik er det naturleg å kjenne angst.
Susanne fortel: «Eg har fått rutine på alt, fast inntekt, eg veit at eg har noko å gå til. Eg kan slappe av, eg slepp å heile tida lure på om eg får betalt rekningane. Det har vore ekstremt tungt tidligare med all usikkerheita. No sit eg ikkje berre heime heile dagen. Eg får ei utdanning, eg får ei framtid. Eg er meire nøgd og glad no.» Susanne sit heilt rolig og ser på meg med nærverande blikk, fortel utan å la seg forstyrre, sjølv om fleire av arbeidskollegaene hennar kjem inn på kontoret der eg intervjuar ho.
Mine tankar
Kva vil det seie å kjenne seg trygg? Kanskje er det ikkje snakk om absolutt tryggleik, men at ein har ein tillit til livet og til seg sjølv. At livet og menneskja vil ein vel. At det er ein tillit til at det kjem til å ordne seg til slutt. I staden for å vere på vakt og utkikk. Det å få tilbake eit beskyttande filter, merke i kroppen at ein har fotfeste. At ein kan kvile i kontakt med den ein møter, kvile i kontakt med kroppen og pusten sin. Ein skal ingen stader, ein kan vere nærverande her og no, heime hos seg sjølv, og ikkje uroe seg for framtida.

Kjensla av autonomi og kontroll
Eg spør ho om autonomi og kontroll, til dømes kring eiga helse og pengar, å bekymra seg kan skape depresjon?
Susanne: «Det er både ja og nei. No har eg ikkje like mye tid som før. Alt var usikkert før, kaos. No får eg mindre autonomi og meir kontroll, men det er sjølvvald.»
Mine tankar
Det å oppleve at ein har oversikt over gjeremål, at ein ikkje kjenner seg overvelda av kjensler og krav, å vere skipper på eiga skute og ha makt til å påverke eige liv gjer noko med avmaktskjensla og gjer at ein har betre kontroll i livet.

Å bli sett
Eg spør om å gje og få tilbakemeldingar, og å bli sett. Å bli sett for den ein er, kva tenker du om det, før og no?
Susanne: «No har eg ikkje tid til å sminke meg før eg går på jobb. Eg får så fine komplimentar kvar dag uansett. Får høre: ‘Kva skulle eg ha gjort utan deg her, og tru kor sure vi hadde vore utan deg.’ Det er godt. No møter eg folk og får ei mengd merksemd. Då eg var heime heile dagen, blei eg berre møtt med klaging og andre sine forventningar om at eg måtte komme meg i jobb.»
Mine tankar
Menneske har behov for å vite kvar ein står i høve til menneska rundt seg. Sjølvet blir til i møte med andre. Den andre tar oss inn i sitt medvit. Når vi får oss tilbake, er vi forandra. Samspelet er gjensidig, den andre gjennomgår ein tilsvarande prosess. Denne gjensidige anerkjenninga er viktig for relasjonen og utviklinga av sjølvbildet. Vi gjer alle mykje for å få merksemd fordi det er eit medfødd behov vi alle har.

Nærleik og kontakt
Eg seier at emosjonell og fysisk kontakt med eit anna levande vesen er viktig for å ha det bra. Kva tenker ho?
Susanne: «Eg har god kontakt med sonen min. Han synest eg er meir borte no når eg er på jobb, men det går bra.»
Mine tankar
Tryggleik får ein gjerne av nære relasjonar. Det å vere emosjonelt og fysisk nært eit anna levande vesen er essensielt for helsa vår. Trygg tilknyting er ein av dei viktigaste føresetnadene for sjølvverd og ei sunn sjølvutvikling.

Å medverke til fellesskapen
Eg spør om ho opplever at ho er ein del av samfunnet, har status. Opplever ho seg som kompetent i det ho jobbar med, at ho gir noko positivt til fellesskapet?
Susanne: «Ja, eg kjenner at eg kan gjere dagen til andre betre på ein måte. No gler eg meg til å stå opp om morgonen. Eg får vite at eg duger til noko. Det er mykje betre no når eg får ting til og lagar ting på jobb. Eg lærer fort.»
Mine tankar
Den djupaste angsten for mennesket er å bli skild frå andre menneske, bli utestengd og avvist. Derfor er det så viktig å vere ein del av ei gruppe, eit fellesskap, eit samfunn, og kjenne at det er bruk for ein. Når vi opplever meistring, frigjer hjernen dopamin, som er eit behags- og lykkehormon.

Privatliv
Eg spør om ho har privatliv eller om ho er sosial heile tida?
Susanne: «Eg har veldig lite privatliv no når eg er i jobb, men det vesle privatlivet eg får, set eg meir pris på og utnyttar det. Eg hadde altfor mykje aleinetid før, då overtenkte eg. Eg er jo sosial. Før ville eg vere saman med nokon heile tida, og eg fekk jo ikkje det, blei gåande aleine og bekymre meg.»
Mine tankar
Det å vere i relasjon inneber ei stadig avgrensing, ei spenning mellom avhengighet og einsemd. Vi treng alle å vere aleine med oss sjølve til tider for å få kontakt med våre kreative krefter, for å kunne lytte innover og møte oss sjølve utan ytre påverking og støy. Det å heile tida vere saman med andre kan verke stressande på oss. Vi tek ofte på oss roller i sosiale samanhengar, og det kostar å ikkje kunne vere seg sjølv.

Meining i livet
Eg seier at kva som gir livet meining er individuelt. Har ho fått meir kjensle av meining i livet?
Susanne: «På Aktiv Ungdom-kurset fekk eg ein kickstart på sjølvtilliten, og då fekk eg også noko å gå til utan at det var for seriøst.»
Susanne har slite med depresjon og seier at ho kjenner at det er på det same viset som det alltid har vore, at ho ikkje kjenner seg bra nok.
Susanne: «Det er i mitt hovud. Det er der framleis.»
Eg seier at det er vanleg at ein depresjon sit lenge i. Det er ikkje nokon kvikk fix.
Eg spør om det kan vere slik at anerkjenning får ein ikkje av andre, den må ein kanskje gje seg sjølv litt etter litt, etter kvart som ein tar til å tru at ein er bra nok. Eg seier at det er mi erfaring.
Ho nikkar.
Mine tankar
At ein finn meining i det livet ein lever er vesentlig for at ein skal få lyst til å leve.
Ved å halde på med ein meiningsfull aktivitet vil ein over tid bli meir glad og nøgd. Vi kan til dømes finne meining gjennom å vere noko for andre, eller gjennom å lære ein dugleik, eller ved å oppleve at ein er ein del av ei større verkelegheit. Å vere i aktivitet er i seg sjølv god medisin mot depressive tankar.

Draumar og planar for framtida
Eg spør om korleis ho ser på framtida.
Susanne: «Eg vil ha hus med stor hage. Ta lastebil-lappen, hengar-lappen og motorsykkel-lappen. Kjøpe motorsykkel, fleire bilar, reise over heile verda. Eit fjøs som eg kan ha høns i. Det er lettare å drøyme no, for no veit eg at eg kan få råd til det.»
Mine tankar
Draumar kan endre verda. Draumen handlar om kven du er i verda og kva som er meininga di. Draumar kan vere leiarstjerner.

Oppsummering

Når dei unge ikkje får dekt sine grunnleggjande psykologiske behov, kan resultatet bli mangelfull livskompetanse og nedsett arbeidsevne. Karrieresenteret i samarbeid med NAV, næringslivet, pedagogisk-psykologisk teneste, psykiatritenesta i kommunen og oppfølgingstenesta i vidaregåande skole med fleire har skreddarsydd tiltak til den einskilde arbeidsledige ungdomen. Ved å ta i bruk ei tverrfagleg tilnærming har ungdomane fått ein indre motivasjon slik at dei har fått mobilisert eigne ressursar. Dei kjenslemessige behova, som tryggleik, autonomi, å bli sett, kontakt, fellesskap og meining i livet fortel Susanne har blitt dekt etter Aktiv Ungdom-tiltaket. Det har gjort at ho har klart å mobilisere eigne indre ressursar og få ei betre psykisk helse. Eg har ikkje snakka med dei andre om dei psykologiske behova etter endt kurs. Men eg veit at av dei elleve ungdomane blei tre lærlingar, og tre andre fekk halde fram i jobb i den verksemda dei hadde praksis i. To kom i psykologisk og medisinsk behandling. Ein starta på folkehøgskole, i tråd med eigne interesser, og to fortsette på vidaregåande skole.

Karrieresenteret i Ofoten held slike kurs kvart år på oppdrag frå NAV, og om lag to tredelar av søkarane til desse kursa får plass. NAV har ein ungdomsgaranti som sikrar ungdom under 20 år som er utan skoleplass eller arbeid, tilbod om arbeidsmarknadstiltak. NAV har også ein oppfølgingsgaranti for arbeidsledige i alderen 20–24 år, som skal vere aktiv jobbsøking, eigenaktivitet og motivasjon. I vår region er motivasjonskurset Aktiv Ungdom eit slikt tilbod.

*

Om forfatteren:

Ingrid How Indregard er født i 1966. Hun jobber som karriereveileder og rådgiver på Karrieresenteret i Ofoten og er utdannet spesialist i psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi, helsefaglærer og karriereveileder. Hun har arbeidet som faglærer på videreutdanning i veiledning og traumeterapi og har publisert artikler innenfor disse fagområdene. For tiden er hun student på masterstudiet i faglitterær skriving på Høgskolen i Sørøst-Norge.

*

Ressursar og referansar

Sjå denne filmen, om du vil lære meir om Karrieresentra og Aktiv Ungdom: https://www.youtube.com/watch?v=mW37qrmPOmE

Les meir om tenester i NAV for unge voksne utan arbeid

Les innlegg i Dagbladet om unge utanfor arbeidslivet skrevet av tenestedirektør i NAV

Les heile Ungdata-undersøkelsen

Les om boka Human givens, the new approach to emotional health and clear thinking

Last ned rapport på engelsk om barn og unges emosjonelle utvikling

Les artikkel av Bente Thoresen i Psykisk helse om mindfulness og følelsesregulering

Les artikkel av Gry Stålsett i Psykisk helse om angsten og skamma over å ikkje kjenne seg bra nok

Her kan du høyre eit dikt om draum lese opp av forfattaren Olav H. Hauge

*

Del artikkelen på sosiale medier