Essay om essayet

Essayet er ein søkande genre. Tvisyn og utprøving er metodane for å komme fram til, ja, kva er det ein skal komme fram til? Konklusjon? Nei. Nye spørsmål? Ja. Nysådd tvil rundt bestemte sanningar for å oppnå ny kunnskap? Definitivt. Men kva er dette essayet? Ikkje så lett å svare på. Kva er det ikkje? Det er lettare å svare på. I litteraturen er det ikkje som ein roman. Ein roman har ei handling, og følgjer ofte ein viss mal for at noko skal skje. Essayet er som ein tanke som nokon har klart å fange, for så å lete tanken fly vidare, i eit slakt band. I dagens litterære krimhysteri ser det ut til at litteratur skal handle om kven som tok livet av kven, pakka inn i ein thrillerformel for at lesaren ikkje skal få tid til å keie seg. Er det keisamt å lese om ein som lurer på sakar og ting? Det krev sin lesar, dette essayet.

Kva skriv så desse essayistane, dei som skriv essay, om? Ottar Grepstad skriv i essayet Einar Øklands landhandel i litterære artiklar om Økland sin genremedvitne teksthandsaming, der han i ein utfordra essaygenre skriv om litteratur. Somme tider kan slik litteraturomtale minne om ei vurdering eller kritikk av ein litterær tekst. Slik Tor Eystein Øverås gjer i samlinga I dette landskap.Han skriv relativt nøkternt om boka De fattige i Łódź av Steve Sem-Sandberg, som han dissekerer lett, nærmast som ein litteraturkritikar i ei avis. Skriv han då ei bokmelding? I eit anna essay, «Sissel Solbjørg Bjugns tolv bøker for barn», skriv han om bøkene til Sissel Solbjørg Bjugn. En masse.  Øverås ramsar opp kven som har illustrert dei ulike bøkene, korleis dei ser ut, korleis forfattaren poserer på bileta. Eg blar tilbake til det han sjølv skriv om boka til Sem-Sandberg: Eg vil omtale Øverås sin tekst om Bjugn sine bøker som «utflytende». Han har som essayist på fleire hattar når han skriv, avhengig av kva han skriv om. Han er fan av Bjugn og litterær konsument når det gjeld Sem-Sandberg. Begge tekstane vert kalla essay. Eller vert dei det? Undertittelen på boka er «essay og artiklar». Det er ei samling. Tekstane er rivne ut av ein kontekst for å vere med i samlinga ‒ somme tekstar er trykt i dagspressa, andre i nisjemagasin, andre er bidrag i antologiar.

Eg finn fram til ei tekstsamling av Einar Økland, Kant-i-kant. I mine auge er dette ei essaysamling, også her er tekstane dregne ut av sin opphavlege kontekst. Som undertittel står det «Småprosa». Småprosa er eit oppsummeringsord, står det på baksida av omslaget, artiklar, epistlar, traderingar (sic!), utsegner, observasjonar, presentasjonar, fakta og samanhengar. Ikkje essay. Er essaygenren daud ifølgje Økland? Vil han unngå essaygenren? Ifølgje Grepstad er Økland politisk, han vil ikkje skrive ein type litteratur som kan reduserast til ein varedeklarert artikkel i ei hylle. Økland vil, ifølgje Grepstad, gjere det vanskeleg for marknadsavdelingane, ikkje spele på lag med dei. Kan det vere så enkelt? Økland vil ikkje kalle tekstsamlinga si essaysamling, for då kan tekstane vert selt som essay?

Jo Bech-Karlsen skriv bøker om skriving, og han skriv at essayet er «erfaringens form». Det er det som for meg er det interessante ved det. Essayisten nyttar sine eigne erfaringar, ser med sine brilleglas farga av den han er, som menneske og skribent. Det journalistisk strenge idealet om at journalisten i prinsippet skal være referent, er borte, og tilbake står eit menneske som ser verda subjektivt, og som skriv om det han ser utan å skjule det subjektive blikket. Det synleggjer den som skriv, og då krev eg, som lesar, at den som skriv har referanserammer og refleksjonsevne som er større eller annleis enn mine for at det skal vere noko å hente for meg der. Eg-et må ha ein relevans. Eg-et må vere i ein dialog, med seg sjølv, og kanskje med andre. Men kven er så dette eg-et, essayforfattaren? Somme essayistar les eg fordi dei skriv om eit tema eg er interessert i, utan at eg veit noko om den som skriv. Andre fordi dei har ein posisjon eller profesjon der eg forventar nye tankar eller vendingar. Sistnemnte gjeld særleg kommentatorar i avisene, som skriv kommentarar som ligg opp mot den formale artikkelen, men som skriv om aktuelle tema på ein personleg måte, gjerne under spaltenamn som «På kanten» eller liknande. Kor ofte har eg ikkje tenkt at dette er late tankar, uoriginale meiningar, oppgulp frå ein profesjonell synsar som må fylle ei spalte for det daglege brød. Desse les eg sjeldnare og sjeldnare. Dei som derimot skriv om tema eg er interessert i, veit eg sjeldan kven er. Dei er grå mus som veit noko om noko eg er interessert i, og så les eg teksten utan å ha interesse for å lese meir av desse som har skrive.

Somme essay er som eit dikt. Andre som ein artikkel. Andre som ein reportasje. Enkelte er samla i bøker med undertittelen «essay og artiklar». Andre essay er i romanar, som ein introduserande tekst til ein større tekst, gjerne skrive av ein litteraturvitar, då vert det kalla «forord». «Liner notes» vert det kalla når ein skrivekunnig som kan mykje om ein musikar, skriv ein tekst som følgjer med ei plateutgjeving. «Essay» vert det kalla i engelskspråklege DVD-utgjevingar der ein filmvitar skriv om film i heftet som følgjer med. Alle desse tekstane er, slik eg ser det, essay, men forma teksten kjem i, gjer at teksten får ein ny tittel, hamnar i ein anna genre. Desse tekstane er skrivne av nokon som kan eit og anna om eit tema, og tekstane har gjerne eit smertepunkt. Dette gjeld særleg når ein skriv om eit verk som er gjeve ut på nytt, eller ein kunstnar som har gått frå vitet eller bort. Smertepunktet kan vere: Kvifor selte ikkje denne boka/plata meir? Kvifor likte ikkje kritikarane denne filmen? I dag ser vi alle kor stort dette er!

Tvisynet er vesentleg i eit essay. Som lesar og som essayanalytikar får eg òg slike tvisyn: Er dette eit essay? Er det plassert i essaybåsen av distributøren, om det gjeld avis eller forlag, fordi teksten ikkje passar i andre båsar, eller er det skrive av ein forfattar i essaymodus? I tillegg til dette undrande essayet, har vi og det akademiske essay, det som studentar skriv til eksempel som ein fagleg oppsummering i ei bacheloroppgåve, der ein skal vise kva ein kan. Essay som form til å fylle med innhald, for å vise at ein kan det ein burde kunne.

Andre essay eg har lese som utfordrar genren, er essaya til den svenske historikaren og forfattaren Peter Englund. Han skriv omfattande tekstar om ulike tema og ausar frå eit utal kjelder. Det byrjar gjerne med eit subjektivt utgangspunkt, han er i ein situasjon der han vert medviten om eit tema. Så går det vidare til ein (kultur)historisk gjennomgang av dette temaet. Essayforfattaren Englund er då ein historikar som med sin relevans skriv historiske essay. Han auser av sin store kunnskap og evne til å finne interessante kjelder. Kvifor? Kan han ikkje halde seg til historiske artiklar, vere ein forskar og nøye seg med det? Nei. I forordet til essaysamlinga Brev frå nullpunktet, der han skriv om det mørke 1900-talet (som han sjølv kallar hundreåret), skriv han at tekstane er skrivne for at vi ikkje skal gløyme alt det forferdelege. Han skriv at han berre kan nærme seg dette stoffet i essayets form: «Ordet essay betyr, som vi alle vet, ‘forsøk’, og disse stykkene er forsøk i dobbelt forstand: de er skisser, skisser som til sist skriver seg fra mine egne forsøk på å forstå.» Han skriv for å forstå kva det tyder at 183 million menneske vart drepne i dette hundreåret, fleire enn i alle hundreår tidlegare.[1] Han nemnar at medan ein i ei historiebok kan utslette eit folk på ei halv side og lete eit land bukke under i ei bisetning, vil han med essayet prøve å ta inn over seg det som ligg bak dette, som kan gøymast bak eit adjektiv eller eit tal.

Essayisten må ha ein relevans. Essayisten må ha eit blikk og ei erfaring som han kan nytte i møte med verda. Men må essayisten vere ekspert på temaet han skriv om? Forfattaren Tom Wolfe har sagt at han heller vil lese 10 000 ord om skolisser skrive av forfattaren Norman Mailer, enn å lese 10 000 ord om skolisser skrive av verdas største skolisseprodusent. Dagsavisen trykte i november 2013 essayet «Livet bak murene. Fortellinger fra øst»,skrive avtidlegare nemnte Tor Eystein Øverås. Han trekk trådane frå korleis han syklar rundt i Berlin for å bli kjent med byen, til korleis han går seg vill i Beijing. Han fortel om små hendingar i sitt liv knytt opp mot Berlin si historie under DDR, om Moskva og Beijing, Lenin og Mao. Kvifor skal eg bry meg med at ein fyr frå Bodø plar sykle rundt på måfå i den tyske hovudstaden? Kvifor skal eg bry meg med at han reiser til, og går seg vill i, Kina? Kvifor skal eg bry meg med at han ser fjernsynsserien Weissensee i løpet av éi natt, og er oppriktig skuffa over at NRK ikkje har vist serien? Kvifor skal eg bry meg om at nevøen hans må forklare han at slik serie-sluking vert kalla binge-watching? Kvifor skal eg bry meg om hans syn på forskjellige romanar med handling frå DDR, som eg ikkje har høyrt om, langt mindre lese? Fordi han skriv godt, bryr eg meg. Fordi han skriv gjennom sitt sanseapparat farga av erfaringar han har gjort, lærer eg noko nytt. Essayisten må vere ein søkande, nysgjerrig, oppmerksam, intelligent og kunnskapsrik person, elles skriv personen ikkje essay. Montaigne skriv om lukt, om Alexander den store si kroppslukt, om korleis bartane hans tek til seg dunster av stader og aktivitetar barteberaren har vert og gjort. Det er ingen tvil om at Montaigne er relevant, men som lesar ser eg at relevansen òg har endra seg: Det er fascinerande å lese om ein seinrenessansemann sitt syn på slike kvardagslege tema. Det er som ei tidsmaskin, eg kan kjenne meg att i plagsam bartelukt, fem hundre år etter at Montaigne erfarte det same.

Så langt om essay og essayistar. Kven er lesaren av essay? Eg trur lesaren av eit essay og ein essayist har meir til felles enn til eksempel ein krimforfattar og ein lesar av krimbøker. Krimlesaren vil ha ein illusjon, ein fiksjon som gjev spenning. Essaylesaren vil vite noko, og kan bidra i teksten han les, på eit heilt anna nivå enn å gjette kven mordaren er. Den nederlandske reiseforfattaren Cees Noteboom seier det så kort og konsist: «Meg gjør gåtens skinn lykkeligere enn løsningens faktum.»[2] Kven treng fakta når ein kan få undring?

*

Om forfatteren:

Oddbjørn Hofseth er audiovisuell cowboy og pedagog. Han underviser både i ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og vaksenundervisning. Han vert òg nytta som føredragshaldar og kurshaldar innan mediefaglege emne generelt, og dokumentarfilm spesielt, både for private stiftingar, høgskular og Folkeuniversitetet. Som audiovisuell cowboy jobbar han med musikkvideo og dokumentarfilm.

*

Noter

[1] Englund 1997:9−10

[2] Sitert etter Øverås 2012:125

Litteratur

Bech-Karlsen, Jo (2003). Gode fagtekster. Essayskriving for nybegynnere. Oslo: Universitetsforlaget.

Englund, Peter (1997). Brev fra nullpunktet. Historiske essay. Oslo: Universitetsforlaget.

Grepstad, Ottar (1982). «Einar Øklands landhandel i litterære artiklar». I: (Div. red.): Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon. Oslo: Det Norske Samlaget.

Montaigne, Michel de (2004). Essays. Første bok. Oslo: Aschehoug.

Wolfe, Tom (red.) (1996). The New Journalism. London: Picador.

Økland, Einar (2008). Kant-i-kant. Småprosa. Oslo: Det Norske Samlaget.

Øverås, Tor Eystein (2005). Til. En litterær reise. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Øverås, Tor Eystein (2012). I dette landskap. Artikler og essays. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Øverås, Tor Eystein (2013). «Livet bak murene. Fortellinger fra øst». Dagsavisen 27. november 2013. Nettversjon.

*

Del artikkelen på sosiale medier