
For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta «Dagens gjest» i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande kommentarar frå kollegaer, kommentarar eg sette stor pris på. Nokre gongar hende det til og med at heilt ukjende folk ringde og ville snakke med meg om det eg hadde skrive. Eg var alltid nervøs når eg fekk slike telefonar, for eg venta å bli skjelt ut, anten fordi eg skreiv på nynorsk i ein region som tradisjonelt har hatt lite til overs for den målforma, for å seie det på ein tilnærma danna måte, eller fordi den som ringde, var usamd med meg i sak.
Men det eg no skal fortelje om, overgjekk alt eg hadde venta meg av lesarrespons. Same dagen som teksten stod i Tønsbergs Blad, fekk eg ikkje gjort anna enn å sitje i telefonen. Og var det kjeft eg fekk, frå kjende og ukjende? Nei, det var rett og slett skryt, skamskryt! Eg hadde ei sterk kjensle av å ha lukkast i å forføre lesaren så sterkt at han berre måtte ta kontakt og fortelje meg at han var samd. Både kvinner og menn ringde meg, ingen sa eit ord om at nynorsk var vanskeleg, dumt, bondsk, spynorsk, unødvendig, krøkkete, fjøsmål, usexy eller det som verre er. Kva eg skreiv om? Snart kjem teksten som stod i avisa den dagen. Les og vurder og sjå i nåde til meg. Hugs at det er skrive for mange år sidan, og at det ikkje er nokon garanti for at folk blir klokare med åra, sjølv om det ville ha vore fint om det var slik. Her kjem endeleg teksten:
JA, DA ER DU JAMMEN NØYE!
For to veker sidan skulle eg ta toget frå Tønsberg til Oslo, og i trygg
glede over at eg no hadde nesten to heile fredelege reisetimar framfor meg, gjekk
eg inn i venterommet for å kjøpe billett. Men på veg fram mot billettluka fekk eg
auge på noko som gjorde meg ganske forlegen. Det var ikkje det etter kvart så kjende
nesten netto sjølvportrettet av Odd Nerdrum med tilhøyrande utvekst. Men altså noko
som hos meg kunne framkalle nesten like stor sjenanse. Heile tre, ganske store plakatar
lyste mot meg, eit framstøt frå NSB, med teikning av ei nakkepute med denne teksten
under: NAKKE PUTE kr 30. Det var slett ikkje prisen som var anstøteleg, ikkje teikninga
heller. Det var skrifta som framkalla sjenansen min. For kva gjer ein norsklærar
i ein slik situasjon? Eg prøvde å late som ingen ting mens eg kjøpte billetten min,
og eg gjorde alt eg kunne for ikkje å sjå på den obskøne skrifta. Men så kom det:
eg måtte seie det, og fordi eg prøver å vere eit danna menneske, sa eg det så pent
og forsiktig eg kunne mens eg peika på plakaten; «Det er ein skrivefeil der.»
«Å, er det det?» sa mannen i luka.
«Ja,» kviskra eg, mens eg lente meg lett og umerkeleg fram mot han slik at ingen
bak meg skulle høyre kva eg sa. «Nakkepute skal vere i eitt ord.»
Mannen i luka sende meg eit undersøkande blikk, som for å sjekke om eg var ved mine
fulle fem. Så flirte han og sa: «Ja, da er du jammen nøye.»
Eg bestemte meg for å ta det som ein kompliment.
På togturen innover sat eg og gratulerte meg sjølv fordi eg hadde vore så modig at eg hadde sagt frå. Kanskje einkvan i NSB blir glad for at eg sa frå, kanskje nokon kjem til å rette opp feilen, kviskra eg blygt og naivt til meg sjølv mens toget suste forbi Barkåker. Men eg var slett ikkje sikker. Tenk om det hadde vore ein reknefeil på plakaten, ville NSB ha retta det opp då? Ja, det var eg sikker på. Eller om det hadde vore ein plakat på engelsk, tysk eller fransk med skrivefeil? Ja, då ville dei sikkert ha retta det opp, kom eg til, for det er mykje verre å skrive feil på utanlandske språk enn på norsk, for alle bedrifter. Då blir det liksom så tydeleg at bedrifta manglar kompetanse, og det er flaut. Men skrivefeil på norsk er ikkje flaut for andre enn norsklærarar.
Etter Holmestrand kom eg i tankar om at eg hadde valt meg eit vanskeleg og einsamt yrke. Først får vi norsklærarar på høgskulen skulda for at lærarane ikkje kan skrive rett. Det kjem rapportar om at lærarane sender brev heim til foreldra, brev med skrivefeil. Så får desse lærarane igjen skulda for at ungane aldri lærer å skrive rett. Når elevane blir store, blir dei forretningsdrivande i Tønsberg eller tilsette i NSB, og dei kan framleis ikkje skrive rett. Plakatar og brosjyrar er fulle av skrivefeil. I Tønsberg kan du gå på «dykke kurs» og «ride kurs», du kan kjøpe «okse stek» og «PC bord», og du kan gå på «trenings senter». Byen er full av forretningsskilt med engelsk bruk av genitivs apostrof: «Anne´s frisørsalong, Hilde’s hårstue, Mormor’s gaver», og mange fleire kunne nemnast av dei som har gløymt at det på norsk faktisk heiter «Annes frisørsalong». Og alt dette er det vi norsklærarar som har skulda for, trass i at vi har retta akkurat desse feila mange fleire gongar enn vi orkar å hugse, trass i at vi har masa om det i alle mulege samanhengar, nettopp fordi vi ikkje vil at engelske rettskrivingsreglar skal ta makta over norske reglar.

Då eg nærma meg Oslo, var eg ganske sikker på at det kunne då umuleg berre vere norsklærarane si skuld at folk ikkje kan skrive rett. Det måtte då vere ein rimeleg tanke at vi alle er norsklærarar for kvarandre, for folk lærer då språk heile tida og heile livet, ikkje berre når dei går på skulen eller studerer. Dei lærer språk på butikkrunder i Tønsberg by og på venterommet til NSB. Og permanente skilt med skrivefeil blir mektige norsklærarar for både små og store. Eg fann faktisk ut at det er heilt på sin plass å forlange at både NSB og forretningsstanden i Tønsberg skal dele norsklæraransvaret med meg ved å sørgje for at alle skilt og plakatar blir korrekturlesne av ein som er trygg på reglane i sitt eige morsmål. Slik kan vi alle gjere vårt til at dei som skal lære opp forretningsstandens barn og barnebarn, også blir flinkare til å skrive rett. Eller kanskje det er skiltmakarane som burde ta eit ansvar her? Dei har vel også barn og barnebarn? Tenk for ein skandale det ville bli om norske forlag ikkje tok ansvaret for språket alvorleg, men gav ut bøker utan å sørgje for at dei vart korrekturlesne? Det er mange fleire skiltlesarar enn boklesarar i landet vårt.
På togturen heim etter utført ærend i Oslo finlas eg kundebladet til NSB. Der var det ikkje mange skrivefeil å finne, og eg konkluderte med at NSB tok norsklæraransvaret sitt alvorleg. Då toget kom til Tønsberg, gjekk eg med spenstige skritt gjennom venterommet for å sjå om NSB hadde retta opp skrivefeilen sin. Men der stod dei same tre plakatane og lyste skamlaust mot meg med nakke puta si til tredve kroner. Då bøygde eg nakken og luska ut.
No går eg og lurer på om eg skal røpe for NSB korleis ei venninne av meg bruker å forklare fenomenet med særskriving og samanskriving av ord til barna sine. Når sonen på åtte år spør mora si om det eller det skal skrivast i eitt eller to ord, pleier ho å spørje: «Dersom du skal gå og hente det du skal skrive om, må du då hente ein ting eller to ting?»
«Ein ting», svarer guten då.
«OK,» seier mora, «då skal det skrivast i eitt ord».
Denne regelen må vel kunne brukast på nakkeputa også, for det er vel berre ein ting dei må hente fram når vi skal kjøpe ei nakkepute? Nakken slepp vi å kjøpe. Han er vår eigen, om han er bøygd aldri så mykje. Det er mulig vi framleis må finne oss i det, men det hadde vore fint å sleppe å gå og sjå ned og skamme seg heile tida. Vi skal jo leve vi norsklærarar også, sjølv om vi er nøye.
***

Dette var altså teksten som stod i avisa. Du som las nettopp no, synes kanskje det er ein oppblåst og utidig tekst. Men fleire lesarar av Tønsbergs Blad let seg forføre. Var det noko dei var opptekne av, så var det å skrive rett. Eg skuldar kanskje å leggje til at dei lesarane eg snakka med, var godt oppe i åra. Mange av dei hadde truleg lært å skrive både rett og pent på skulen. Kva dei skreiv, var kanskje ikkje så viktig, men rett og pent skulle det vere. Og dersom ein ikkje har lært å skrive godt, men berre har lært å skrive rett, blir det ekstra ille når retten til å skrive rett blir krenka, gong på gong, rett opp i trynet på deg. På den andre sida finst det folk som synes det er viktig å skrive både rett og godt. Det er retorikarane, som Aristoteles og Georg og slike. Dei visste om den tette samanhengen mellom språk og forføring. Forføring kan vere all språkbruks fremste mål, men ein må velje seg sine forføringsobjekt og sine saker. Mi sak burde i alle fall ikkje ha vore å posere i norsklærarrolla og rakke ned på ein stakkars tilsett i NSB som hadde kome i skade for å skrive feil på ein salsplakat. Og i alle fall ikkje gjere det på nynorsk. Slik kunne ein kome til å tenkje, i ettertid. Men eg trøystar meg med at eg fekk inn eit stikk til leiinga i NSB. Det er dei som har ansvar for å hjelpe sine tilsette til å meistre norsk i arbeidslivet, både bokmål og nynorsk. Nakkepute blir forresten skrive likt på begge målformer.
*
Denne artikkelen ble først publisert i Tekstualitet 2008, da Inga Gullhav var redaktør.
*

Om forfattaren:
Norunn Askeland er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge og lærar og rettleiar på masterstudiet i faglitterær skriving.
*