
Eg les Den siste viking av Johan Bojer. Romanen handlar om fleire båtlag frå Trøndelag som ror Lofotfiske, eit vinterfiske etter skrei som har tradisjonar tilbake til vikingtida. Romanen skildrar slaget i Trollfjorden i 1890, eit veritabelt oppgjer i sjølvaste Hamsunland. Men scena er ikkje «nordlandssommerens evige dag». Det er mørkt, og kaldt, segl står mot damp, og skismaet endar med ei lofotlov som likestiller det gamle med det nye.[1] Stortinget bestemte at alle båtar skulle ha like rettar, og ein trudde vel at no blei det orden på framtida, før dieselmotoren kom og feide vekk både damp og segl. Slik går historia sin gang.
«Omnia mutantur», alt er i endring, skal romaren Ovid ha sagt nokre tiår før vår tidsrekning.[2] Då som no gjekk vel verda både framover og bakover. I møte med det nye har vi alltid med oss det gamle, slik som steintavlene i form av gravstøtter, der lagnaden som ventar er ruin. Kan ein så snakke om ruin for papirboka, i ei digital framtid der e-boka får stadig større plass?
Ruin som metafor
Tenkjer vi på ruin som ein metafor, ser vi gjerne føre oss noko som er øydelagd, ein samanrast bygning til dømes. Ser ein strengt etymologisk på ordet, er ruin «noe som har falt ned». Noko som er «øydelagt eller tatt ned».[3]
Undersøker ein ordet i meir historisk forstand, er det interessant å legge merke til at under den florentinske renessansen såg den kulturelle eliten på ruinar som ei påminning om arven frå antikken. Renessansen bygde då også på ruinane frå Roma, om enn ikkje i bokstavleg forstand. Ruinar kan altså ha symbolverdi for folk som lever i framtida.
Så kan ein ruin også vere vakker og spennande, slik Beethoven skildrar det i «Die Ruinen von Athen».[4] Akropolis står der som eit vitne om det som var, og eit uttrykk for menneskas behov for å etterlate seg noko.
Ruinar av stein er visuelle vitnesbyrd om levd liv, slik tilfellet er for Forum Romanum i den italienske hovudstaden. Tenk berre på Pompeii og Troja, som er gravde ut, og framstår som hermetiske tidsbilete. Det same kan ein kanskje seie om gamle bøker og skrifttypar. At dei er hermetiske tidsbilete frå farne tider.
Papirboka
Alt er i endring, men gjeld det også skriftkulturen? Til alle tider har menneska skrive ned, eller teikna av, det som skjer, som lausrivne tankar om gamalt og nytt. Frå Kina er det kjent at ein skreiv på silke, og i Mesopotamia med kileskrift på leirtavler. Dei gamle egyptarane meinte det var viktig å skrive ned forteljingar både om gudeverda og om styresmaktene. Difor er gravkammera i Egypt fulle av hieroglyfar som vitnar om fleire tusen år gamle hendingar.
Fire år tok det i den egyptiske oldtida, å utdanne seg til skrivar.[5] Studentane brukte mykje tid på å skrive ned teikna dei skulle lære seg ved å kopiere til ark av papyrus, gamle potteskår og flak av kalkstein. Og då antikken var på hell, såg den første kodeksen verdas lys.[6] Så suksessfull var denne måten å oppbevare og formidle tekst på at kodeksen framleis representerer standardoppsettet for det vi forstår som ei bok. Med trykkepressa på 1400-talet, og tyskaren Johannes Gutenberg, var masseproduksjon eit faktum.[7]
E-boka
I vår tid og i min bransje, som er bokbransjen, snakkar ein mykje om det digitale. E-boka er her, og papyrus og kodeks er historie. Det same gjeld papirboka skal vi tru dei ivrigaste teknologiromantikarane. For moderne skriftkultur skal denne overgangen vere den mest interessante på meir enn fem hundreår, blir det sagt, mellom anna av konsernsjef Geir Mork i Gyldendal.[8] Brukar vi læra til Darwin på denne utviklinga, må kanskje konklusjonen bli at e-boka er det ypparste menneskeleg evolusjon har klart å få fram når det gjeld attgjeving av tekst.
Meir filosofisk kan ein spørje kva tekst eigentleg er? Er teksten den same på papir og skjerm? Til det kan ein vel svare både ja og nei. Dei som driv med semiotikk ville sikkert svare nei, fordi teikna har ulike karakter. Mens ein som driv med hermeneutikk kanskje ville sagt ja, fordi vedkommande har ein annan intellektuell inngang til forståinga av kva denne skilnaden handlar om. Her er det som kjent tolking som er viktig, ikkje analyse av det konkrete skriftbilete. Difor er det kanskje timeleg å minne om at ikkje alt er nytt under den himmelen Olav H. Hauge skriv om i diktet «I dag såg eg»:
I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.
For ein sakprosastudent frå bokbransjen ser det ut til at gartnaren frå Ulvik er på lag med hermeneutikken. Skrift er skrift, uavhengig av medium.
Kva fordelar har så den nye elektroniske boka? Ho er meir miljøvenleg, det er klart. Ein kan lese utan å gå vegen om cellulose. Vidare kan ein dra på tur med eit heilt bibliotek lett tilgjengeleg på eit lite brett i ein sekk. Billegare i innkjøp er ho også. Hos Amazon kan du få eit verk av Shakespeare for eit par dollar. [9]
Samstundes ser vi at i USA har den sterke salsauken for e-bøker flata ut. Rekna i marknadsverdi står e-bøkene for 14 prosent av omsetnaden, dei siste ni månadane. Det er det same som for fjerde kvartal i 2012, ifølgje Book Industry Study Group. Lesebrettet frå Amazon, som blir kalla Kindle, er framleis størst. To tredelar brukar Kindle når dei skal kjøpe e-bøker.[10] Og sjølv om utviklinga i Noreg ligg etter, er både eBokNorden og Schibsted-eigde ebok.no i gang med ei storsatsing som skal få norske forbrukarar over frå papir til brett.[11]
Skilnaden
Dei gongene eg har vore ferdig med å lese ei bok på eigen iPad − til dømes ei bok av Roy Jacobsen − og eg legg boka i skya som det heiter, forsvinn ho frå lesebrettet og bort frå all materialitet. Bokstavane fordunstar idet straumen går, og boka forsvinn som om ho aldri har eksistert.
Mens dei gongene eg les ei bok av det slaget Gutenberg trykte, hugsar eg teksten og boka – forma på boka, det visuelle utrykket, permen og coveret, det taktile ved papiret, lukta og kaffiflekkene, kort sagt det boklege ved boka. Dei gongene eg har lest ei e-bok, hugsar eg derimot teksten, og berre den. Det boklege forsvinn rett og slett, eller kanskje har det aldri eksistert. Eg veit ikkje, men har fått med meg at Terje Thorsen, som driv Tronsmo bokhandel i Oslo, meiner ordet «e-bok» er ei tilsniking.[12] Går eg til bokhandelen han driv, oppdagar eg den same boka på ny, den same boka eg las på iPad-en heime.
Alt dette har fått meg til å endre oppfatning når det gjeld mi eiga fysiske boksamling. Før tenkte eg at bøkene alltid var der, ordna på hyller, i ei samling eg var ferdig med og hadde lest ut. Men no, når eg løftar blikket frå lyset på lesebrettet, innser eg at dei fysiske papirbøkene er noko meir. Dei står der som ei vedvarande påminning om alt eg tidlegare har lest. Bøkene seier til meg «Sjå, vi er her framleis». Eller «Hugsar du oss?». Dei står der så skamlaust, og seier det e-boka aldri kan få sagt, innhylla som ho er i ubegripeleg software i ei sky ingen har sett, og smiler nesten til meg. «Vi er her», seier dei.
For mange er sikkert skilnaden på papir og elektronikk av triviell karakter. Slik er det ikkje for meg. Lesing er forgjengelig aktivitet, men på forunderleg vis kjennest det ikkje slik når eg er på veg gjennom ei papirbok, som eg framleis kan ta i når eg er ferdig med siste side. Papirboka blir eit monument over det å lese. Immateriell aktivitet blir substans. Men det store ved e-lesing, seier teknologiromantikarane, er at e-boka slettar seg sjølv. Ja vel? Og kva er så stort med det? Dei seier at papirboka er forgjengeleg, men det er sanneleg også e-boka, svarer eg, kanskje til og med i større grad enn papirboka. Innvendingane mot papirboka er mange. Sjølv er eg kritisk til e-boka, men kva så, tenkjer du kanskje? Denne pastisjen er vel berre ein jeremiade forfatta av ein svermerisk nostalgikar?
Leseprosessen
Dei siste åra har eg lest ein del e-bøker på lesebrett. Også desse bøkene har endra meg, og forandra det eg forstår som verda, distrahert og underhalde meg, fått meg til å le og gråte. Alt dette er fint og lett, og uthaldeleg. Likevel blir eg vemodig ved tanken på kva fenomen e-lesing faktisk representerer. Det er som om eg nektar å erkjenne at for dei som skal leve i framtida, vil dette vere den vanlegaste måten å lese bøker på. Sorgmildt tenkjer eg på biblioteket i Alexandria, og dei fantastiske forteljingane om boksamlinga til kalifen i Córdoba, som skal ha vore på fleire hundre tusen band.[13] Skal denne lange menneskeskapte linja slutte med oss? Er dette årsaka til at ordet lesebrett får meg til å tenkje på skjermbrett? Finst det ei patologisk forklaring? Eg slår opp i Store norske leksikon, og les at «moderne patologi legger stor vekt på dynamiske og funksjonelle synsmåter, og prøver å klarlegge sammenhengen mellom forstyrret funksjon og endret struktur».[14]
«Samanhengen mellom forstyrra funksjon og endra struktur.» Skal tru om ikkje medisinarane er inne på noko viktig her? Smak litt på den. Sjukdomslære, der studieobjektet er moderne teknolingvistikk.
Eg er verken historikar eller psykolog, sjølv om eg har stor glede av bøkene til den amerikanske psykiateren Irvin D. Yalom. Poenget mitt er at eg trur lesaren alltid tenkjer på sjølve leseprosessen når han eller ho les, slik mennesket bestandig har gjort det, sidan skrivarane i Theben, og lenge før den tid. For meg finst det magi i måten svarte bokstavar på kvitt pair får oss til å dagdrøyme og revidere medvitet vårt på.
Men tilbake til spørsmålet om ruin. For det blir også snakka om ruin i økonomisk forstand. Kjem så e-boka til å ruinere papirboka? Ser ein næringspolitisk på det, er svaret ja. Det vil bli færre papirbøker, og fleire e-bøker. I kulturell forstand er eg meir usikker. Kanskje er dette det same. Ei tid tilbake spådde mange at papirboka kom til å forsvinne. I USA er denne utviklinga komen lengst. Der ser vi altså at salet av e-bøker flatar ut.[15]
Beviset
Kva skal ein så seie til alt dette? For min eigen del treng eg prov på at eg har lest den siste boka eg faktisk las, som ei lenke til mi eiga nære fortid, på same måte som vi treng ruinar for å få kontakt med vår eiga historie, både den nære og den fjerne. Provet på at eg har lest er nettopp det bøkene i bokhylla mi er for meg, kvar einaste dag. For meg representerer papirboka også framtidig inspirasjon, ikkje ulikt ein ruin.
*
«Bokprosessen» er skrevet som en pastisj over Samtidsruinar av Marit Eikemo. En artikkel om pastisjskriving kan leses her.
*

Om forfatteren:
Dag H. Nestegard er frå Svelgen i Sogn og Fjordane, og bur no på Ås i Akershus. Han er cand. mag. frå Universitetet i Oslo, og har studert radiojournalistikk ved medielinja i Volda. Nestegard var først journalist i Firdaposten i Florø. Etter Volda (1992−94) arbeidde han ti år i NRK på Marienlyst i Oslo, mellom anna som nestleiar i utanriksredaksjonen og som korrespondent i Midtausten hausten 2001. Seinare var han presserådgjevar for høvesvis fiskeriminister Svein Ludvigsen (H), samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) og samferdselsministerMagnhild Meltveit Kleppa (Sp). Hausten 2007 laga han dokumentarfilmen «Vekkelsen» saman med NRK-fotograf Mohammed Alayoubi. Filmen forklarar samanhengen mellom den islamske vekkinga og terror mot vestlege mål. I januar 2011 begynte Nestegard som redaktør for Bok & samfunn, som er fagbladet for bokbransjen.
*
Notar
[1] http://www.regjeringen.no/nb/dep/fkd/dok/nouer/2008/nou-2008-5/6/7.html?id=499911 [2] http://www.muenster.org/abendgymnasium/faecherprojekte/projekte/Ovid/omniamutantur.htm [3] http://www.etymonline.com/index.php?term=ruin [4] http://www.youtube.com/watch?v=hu3zj3Vq_Qg [5] http://www.ancientegypt.co.uk/writing/explore/main.html [6] http://www.answering-christianity.com/abdul-rahman_klimaszewski/3_old_manuscripts.htm [7] http://inventors.about.com/od/gstartinventors/a/Gutenberg.htm [8] http://www.klassekampen.no/58630/article/item/null/farvel-til-gutenberg [9] http://www.amazon.com/s/ref=nb_sb_ss_c_0_6?url=search-alias%3Dstripbooks&field-keywords=hamlet&sprefix=hamlet%2Caps%2C257 [10] Bladet Svensk bokhandel, nr. 18/2013. [11] Bok & samfunn nr. 10 og 11/2013. [12] − Jeg hater tilsnikelsen «e-bok». Det er ikke ei bok, men en tekst, sa han til Dagbladet 8. september i fjor. [13] http://www.historyofinformation.com/expanded.php?id=255 [14] http://snl.no/patologi [15] http://www.forbes.com/sites/jeremygreenfield/2013/11/19/hardcover-sales-growth-outpacing-ebooks-in-2013/*